Om oss

Tiskú opna på Årdalstangen i 2008 og har heilt sidan starten hatt ein fargerik og mangfaldig kundekrets av kvinner i alle aldrar. Våre tilsette har lang erfaring med klede og mote. Innehavar Hanne Smedegård har utdannelse med fag- og mesterbrev i Kjole og Draktsaum. Det gjer at me ilag med fleire gode samarbeidspartnera i tillegg til kjende og kvalitetssterke merkevarer, også kan tilby bunadssaum og strikk.

Våren 2015 flytta Tiskú til Øvre Årdal, der me no held til i trivelege lokale i Storevegen.